Halverer eigedomsskatten

Formannskapet meiner skattesatsen på bustadar bør senkast frå fire til to promille. Høgre ønsker å utsetta innføringa av eigedomsskatt på hytter.

Det endelege vedtaket vert fatta i møtet i kommunestyret onsdag 10. april. Etter det ekstraordinære møtet i formannskapet i går, torsdag, er det imidlertid inga tvil om kva utfallet vert: Politikarane halverer eigedomsskatten på bustadar frå fire til to promille. Akkurat det punktet punktet var dei folkevalde svært einige om.

– Det var eit einstemmig vedtak i kommunestyret i desember i fjor om å senka skattesatsen frå sju til fire promille. Eg er veldig fornøgd med at me halverer igjen, til to promille, sa Wenche Hoftun frå Arbeidarpartiet.

Ho meinte halveringa som formannskapet no går inn for, er å ta på alvor protestane som har kome på at skatteauken for mange etter retakseringa av eigedommar som vart gjennomført i fjor vart svært høg.