I morgon blir det avgjort

Vil politikarane gå inn for rådmannen si innstilling om å satsa på Folkets Hus som Saudas framtidige kulturhus?

I morgon, onsdag, står saka ”Løysing for framtidig kulturbygg” på arbeidsblokka til dei nitten kommunestyremedlemmene i Sauda. Saka har skapt stor lokal debatt i bygda i dei siste månadane, der diskusjonen hovudsakleg har handla om det er Folkets Hus eller Far‘s Vilje-bygget som skal utviklast til å bli Saudas framtidige kulturbygg. Men også sal/scene-konseptet ved Sauda Fjord Hotel og Sauda Klubb i Åbøbyen har vore aktuelle i debatten rundt den framtidige kultubyggsatsinga.

I innstillinga frå rådmann Alan G. Thompson blir politikarane rådd til å satsa på Folkets Hus, etter tilrådingar frå saksbehandlar, kultursjef Åshild Marie Øverland.

– Saka, både argumenta og konklusjonen, er prega av sterke følelsar for Folkets Hus og arbeidarrørsla. Me veit framleis altfor lite om kva dette vil kosta Sauda kommune, meiner Ivar Tangeraas, gruppeleiar for Høgre og opposisjonsleiar i kommunestyret.

Tangeraas meiner utgreiinga kultursjef Åshild Marie Øverland har gjort på oppdrag frå rådmannen ikkje er grundig nok, verken på kostnadssida når det gjeld Folkets Hus eller på utgreiinga av alternativet til Hystad Marketing as.

– Me treng meir faktainformasjon før me skal ta ei så viktig avgjerd. Eg er redd for at me får ei ny Fløgstad skule-sak her, med kostnadar langt over det budsjetterte, seier høgresjefen.

Også Framstegspartiet sin gruppeleiar, Jan Birger Eide, samaliknar ei eventuell Folkets Hus-oppgradering med barneskuleprosjektet som til slutt kosta Sauda kommune mellom 40 og 45 millionar kroner, rundt 15 millionar kroner meir enn opphaveleg planlagt.

– Kalkylen på 20 millionar kroner vil aldri halda. 40-50 millionar kroner er nok meir reelt. Dette handlar om at Arbedarpartiet spring ærend for LO, slik dei alltid har gjort, kommenterer Eide.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.