IMG_4079

Fekk ikkje nok underskrifter

Espen Gudbrandsen er skuffa over laber respons.

Like før påske sette Espen Gudbrandsen i gang ein underskriftskampanje for å kreva meir utgreiing av alternativa til nytt framtidig kulturbygg i Sauda.

Planen var å skaffa nok underskrifter til eit såkalla «innbyggarinitiativ», som kommunestyret pliktar å ta stilling til. Minst to prosent av innbyggarane må skriva under på eit slikt forslag.

I går, tysdag, måtte Gudbrandsen konstatera at kampanjen ikkje greidde å samla nok underskrifter til at kommunestyret i dag måtte ta opp temaet i samband med saka «Løysing for framtidig kulturbygg».

– Me hadde nok trengt ein betre kampanje enn det eg greidde på kort varsel, vedgår Gudbrandsen.

Sauda kommunestyre skal i dag diskutera kor eit eventuelt framtidig kulturbygg skal plasserast. Mykje tyder på at fleirtalet vil stemma for innstillinga til rådmannen, som ber politikarane gå inn for ei oppgradering av Folkets Hus.

Hystad Marketing as sitt forslag om eit kulturelt aktivitetshus i bygget som per i dag husar den nedlagte kafeen Far‘s Vilje har truleg bare støtte hos Høgre og Framstegspartiet.

Espen Gudbrandsen seier at han er skuffa over at saudafolk ikkje viser interesse for å få vita meir om kva Folkets Hus faktisk vil kosta. Han fryktar at Folkets Hus blir eit pengesluk – og blir eit slags museum for arbeidarrørsla snarare enn eit hus for ungdommen og framtida.

– Men siste ord er ikkje sagt, lovar han.