I kveld, fredag, spelte Sauda sitt A-lag i fotball sin første heimekamp i årets serie. Motstandar var Vedavåg Karmøy.
Karmøylaget tok leiinga alt etter ti minutt, medan Saudas Reidar Åbø utlikna til 1-1 med ein fin heading 34 minutt ut i første omgang. Andre omgang starta med ein real kalddusj for saudalaget, då Vedavåg Karmøy skårte i sitt første angrep, bare tjue sekund etter avspark. Men Sauda kjempa godt. To minutt før slutt skåra Reidar Åbø igjen, denne gong med eit flott skot som gjekk via bortre stole og i mål.
Les meir i papirutgåva tysdag.