IMG_5452

Etterlyser kajakk-eigar

Redningsaksjon avblåst etter funn av skadd kajakk i Saudafjorden.

Ein bilist kontakta i 13-tida laurdag politiet etter å ha observert ein tom kajakk i Saudafjorden, cirka femti meter frå land, like utanfor den siste lange tunnelen før Sauda.

Brannvesenet rykka ut og undersøkte kajakken. Den hadde store skader og såg ikkje ut for å ha vore i bruk på ei stund.

– Truleg har kajakken låge og dunka mot land i lengre tid. Redningsaksjonen blei derfor avblåst, opplyser operasjonsleiar ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Norunn Byrknes.

Inni kajakken står det namnet på ei kvinne, med adresse på Strand. Kvinna er ikkje registrert i folkeregisteret. Politiet etterlyser nå eigaren av kajakken for å vera heilt sikre på den ikkje har vore involvert i eit uhell eller ei ulukke på sjøen.

– Kajakken er skildra som oransje og gul, seier Byrknes.

Kajakken er tatt inn til politiet i Sauda som hittegods, inntil eigar eventuelt melder seg.