Saudajenter diggar Bieber

I kveld er Maja Jørgensen og Emilie Rike på konsert med sitt store idol, Justin Bieber.

– Me har billettar i Golden Circle, altså ganske nær scenen, fortel Maja Jørgensen.

I går, måndag etter skuletid, reiste ho og Emilie Rike til Haugeund. I dag, tysdag, gjekk turen vidare til Oslo med fly. Med på turen er også Jørgensen sitt søskenbarn, Renate Årthun, og mor og tante Siv Jørgensen og Ruth Nina Årthun. I kveld skal ungjentene på konsert med sjølvaste Justin Bieber, popstjerna som smeltar ungpikehjarte i heile den vestlege verda.

– Me gledar oss kjempemasse. Me har aldri vore på noko slikt før, vedgå Emilie Rike.

– Kjem de til å hyla?

– Hehe, ja, sikkert, kniser dei to fjortenåringane.

Jentene fortel at dei har likt Justin Bieber heilt sidan han blei oppdaga på nettstaden Youtube i 2009, og at interessa auka spesielt etter at han gav ut hiten ”Baby” i 2010.

Då billettane til konsertane i Norge skulle leggast ut for sal i fjor vår var ikkje saudajentene i tvil om at dei ville på konsert.

– Me rigga oss til, tidleg om morgonen, med fire datamaskinar. Nettet braut saman fleire gonger, men til slutt hadde me sikra oss tre billettar, fortel Maja.

Billettane kostar 885 kroner, og er, ifølge jentene, vel verdt pengane. Emilie har hatt billetten sin innramma på veggen på rommet sitt. Rommet hennar er forresten spekka av Justin Bieber-effektar, som plakatar på veggane, parfymen hans, klede og sengetøy.

– Mitt rom er ganske likt, innrømmer Maja og ler litt.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.