Labert fjorårsresultat for Eramet

Omsette for 4,3 milliardar kroner, og fekk eit driftsresultat på 311 millionar kroner.

– Resultat i 300-400-millionarsklassen i fleire år på rad er for dårleg til å sikra tilgang på ønska investeringskroner i framtida, seier Kåre Bjarte Bjelland, verksdirektør ved Eramet Norway sitt smelteverk i Sauda.

Eit resultat på 311 millionar kroner er lite i erametsamanheng. I 2007 var driftsresultatet 1 014 millionar kroner, året etter heile 2 900 millionar kroner. I finanskriseåret 2009, derimot, landa driftsresultatet til Eramet Norway på minus 834 kroner.

Driftsresultatet for Eramet Norway, som inkluderer verka i Sauda, Porsgrunn og Kvinesdal, landa på 311 millionar kroner i 2012. Dette er ein nedgang på om lag 26 prosent samanlikna med året før, då rekneskapstala viste 418 millionar kroner. Det franske konsernet sine norske smelteverk omsette for 4,3 milliardar kroner i fjor, ein nedgang på 10 prosent frå 2011.

– Men me selde fem prosent meir i tonn i 2012 enn i 2011. Nedgangen har samanheng med ein betydeleg prisreduksjon i marknaden, forklarer Bjelland.

2012 starta dårleg for Eramet, med raude tal dei tre første månadene. Så tok ting seg opp igjen i andre og tredje kvartal, før siste kvartal i fjor enda omtrent like dårleg som året starta.

– At me reduserer omsetnaden med ein halv milliard kroner i 2012 samanlikna med 2011, men bare reduserer 100 millionar kroner på driftsresultatet har samanheng med at når salsprisane går ned, går også råvareprisane ned, seier verksdirektøren.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.