Flyttar frå Voss til Sauda

Trond Carsten Øye har takka ja til lærarjobb ved den nye ski- og snøbrettlinja.

– Veldig spennande og utfordrande, og eg gler meg skikkeleg til å begynna, seier Trond Carsten Øye, som i ung og vaksen alder har markert seg i det norske frikjørarmiljøet.

31-åringen er tilsett som lærar ved den nye ski- og snøbrettlinja som startar opp ved Sauda vidaregåande skule komande haust. Også sambuaren hans, Marte Frikstad, har fått lærarjobb ved skulen, og paret flyttar til Sauda i løpet av sommaren.

Fire søkarar viste interesse for jobbane som lærarar ved det nyoppretta skuletilbodet ved Sauda vidaregåande skule. Skulen lyste i vinter ut 1,5 stilling som etter planen skal vera knytta til det nye utdanningstilbodet og til idrettsfaglinja ved skulen. Avdelingsleiar for idrettsfag, Svein Einar Nordvik, fortel at den utflytta saudabuen Trond Carsten Øye og sambuaren hans, Marte Frikstad, var heite namn i heile utlysnings- og tilsettingsprosessen.

– Det var bare dei to som hadde relevant efaring. Det avgjorde at valet fall på dei til slutt. Kjekt med folk som har peiling, seier Nordvik.

Øye, som har utdanning innan idrett, aktivitet og helse, og administrasjon og organisasjonspsykologi, er tilsett i full stilling. Frikstad sin lærarjobb utgjer ei halv stilling ved skulen.

Medan Trond Carsten Øye har jobba som lærar ved Voss skigymas dei siste fem åra, har Frikstad, som kjem frå Heidal i Gudbrandsdalen og har studert idrett og friluftsliv i Volda, jobba som lærarvikar ved ein barneskule på Voss. Ho har også vore skitrenar for Voss freestyleklubb.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.