*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder *** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
230 KG: Hildeborg Juvet Hugdal fekk bestemannsprisen i tillegg til NM-gull etter dette løftet på 230 kilo i helga. (Foto: Jørgen Haug)

Tok EM-gull og sette ny verdsrekord

Hildeborg Juvet Hugdal sette ny verdrekord i benkpress då ho i dag løfta heile 216 kilo.

– Eg hadde tre mål for dagen. Ein: Klara VM-kravet. To: Setta verdsrekord. Tre: Vinna samanlagtgullet. Alt klaffa. Det var fantastisk kjekt, seier Hildeborg Juvet Hugdal.

I desse dagar pågår Europameisterskap i styrkeløft i Pilzen i Tjekkia. Hildeborg Juvet Hugdal løfta i dag, torsdag.

I knebøy løfta saudajenta 252,5 kilo, i markløft 190 kilo – og svimlande 216 kilo i benkpress.

Med dette tok ho gull i både knebøykonkurransen og i benkpresskonkurransen – og vann og blei europameister samanlagt med poengskåren 658,5 kilo.

Juvet Hugdal hadde verdsrekorden i benkpress, sett i enkeltløftstemne, frå The Arnold Sport Festival i USA i starten på mars i år. Då løfta ho 206,5 kilo.

Alt i førsteløftet sitt i Tjekkia i dag, torsdag, sette ho ny verdsrekord i benkpress under ein styrkeløftkonkurranse, altså der ein konkurrerer i både markløft, knebøy og benkpress, då ho lett greidde 197,5 kilo, sju kilo meir enn verdsrekorden. I andreløftet auka ho til 207 kilo, og hadde dermed sett ny verdrekord i både benkpress enkeltløft og i benkpress under ein styrkeløftkonkurranse.

I tredjeløftet auka Juvet Hugdal på til heile 216 kilo, 9,5 kilo meir enn den førre verdsrekorden i benkpress enkeltløft. Sjølv er hovudpersonen ikkje heilt fornøgd med rekordløftet.

– Det var ikkje full klaff. Det blei litt knotete i avløftet og eg sleit litt teknisk. Men det gjekk bra. Ei fantastisk kjensle, seier Hildeborg Juvet Hugdal, som blir i Tjekka og får med seg resten av EM-konkurransane.

I november er det verdsmeisterskap på heimebane, då verdas beste styrkeløftarar skal konkurrera i Stavanger.