Opnar kafeen – og restauranten – Far‘s Vilje

Dei nye drivarane, Marietta Karpati og Benedek Csont, håpar på ein pangstart.

– 17. mai og Saudadagane. Ein perfekt begynnelse, seier Benedek Csont, som saman med kjærasten Marietta Karpati opnar kafeen og restauranten Far‘s Vilje, midt i Sauda sentrum, komande torsdag.

Nå er dei spente på mottakinga dei får i Sauda. Førebels ser dei føre seg å halda kafeen og restauranten open seks dagar i veka, frå tysdag til sundag. Paret vil gjerne halde ope utover ettermiddagane og på kveldtid.

– Før var Far‘s Vilje ein kafé, nå gjer me det til ein restaurant, seier Csont.

Kokken planlegg ein meny med seks til åtte rettar. Menyen vil vera variert med både norske, unganske og internasjonale rettar og vegetarmat for dei som ønsker dette.

– I starten må me prøva oss litt fram, for å finna ut kva de saudabuar liker. Me er derfor heilt avhengig av tilbakemeldingar på maten vår, seier Karpati.

I går, måndag, starta arbeidet med å utvida kjøkkenet i lokala.

I tillegg til varmmat vil paret tilby lunsjmeny på dagtid og elles småkaker og snacks.

– Viss det blir for travelt å laga alt, ser me ikkje bort frå å inngå eit samarbeid med bakeriet her i Sauda. Det skal uansett ikkje bli posekaker og opptinte kaker, seier Karpati.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.