Bjørn og Vigdis Eidsvåg

Strålande saudakveld

Saudaartistane innfridde til fulle.

1 400 personar fyllte konsertteltet då tidenes samling av saudaartistar inntok scenen. Endå fleire ønska seg inn, men måtte snu i porten då det rett og slett ikkje var plass til fleire.

Og saudaartistane innfridde. Frå Nils Kristen Herheim opna kvelden med «Heim til Sauda» til stjernelaget i fellesskap avslutta med «De er her me hørre te» stod stemninga i telttaket og høgtalarane rista. Publikum song med på songar dei kjente høyrbart godt til, og storkosa seg.

Ein etter ein kom dei på scenen: Vigdis Eidsvåg, Grethe Svensen, Reidar Brendeland og Bjørn Eidsvåg. Søskene Eidsvåg song sjølvsagt duett. Bjørn Eidsvåg vart elles utnemnt til æresborgar av Sauda, og Ole Orre vart heidra for sin mangeårige innsats for å booka artistar til Saudadagane.

Etter konserten hadde nok Kjetil Hansen nok dei aller fleste av dei 1 400 publikummarane med seg då han utbraut: – Heilt topp, dette! Dette gjer godt for heile saudasamfunnet, her var folk i alle aldrar samla. Håpar dette vert gjenteke mange gonger.

Les meir i papiravisa tysdag.