Fekk køyra vidare

Sundag føremiddag gjennomførte politiet ein promillekontroll i Sauda. 30 bilførarar vart kontrollert på fylkesveg 520. Ifølge politiloggen blåste ei kvinne i byrjinga av 20-åra til utslag på 0,1 i promille. Ho måtte venta i 30 minutt, og ny blåsetest viste ingen promille. Ho vart ønska god tur vidare, melder politiet i sin logg.