REAGERTE PÅ BILEN: Jan Ellingsen såg bilen stikka frå politiet i Sauda sentrum.
REAGERTE PÅ BILEN: Jan Ellingsen såg bilen stikka frå politiet i Sauda sentrum.

Dramatisk i sentrum

Ranarane kjørte på fortauet for å rømma unna politiet.

Jan Ellingsen, busett i Haugesund, var i Sauda sentrum like rundt klokka 12.30 i dag laurdag.

– Eg stod ved NK-kiosken då eg såg ein grå Audi stasjonsvogn komma kjørande roleg gjennom gatene. Plutseleg var det som om sjåføren, ein ung, skjegget kar med svart caps, oppdaga politibilen 50-100 meter bak seg. Bilen gav gass og måtte opp på fortauet for å komma forbi trafikken. Det skreik i dekka og bilen nærast steilte då dei forsvann, forklarer Ellingsen.

Kor tid etterpå høyrde Ellingsen om urmakarbutikkranet i Haugesund.

– Då la eg saman to og to, og forstod at det var fluktbilen eg hadde sett, seier han.

Politiet har sperra vegane ut frå Sauda og leitar framleis etter ransmennene med store styrkar væpna personell, hundar og helikopter.