IMG_2904

Etterlyser fleire bilar

Politiet meiner at to av dei tre ransmennene stakk av til fots etter utforkjøringa i Lona.

Etter det Ryfylke kjenner til skal to av gjerningsmennene ha vore i bilen som kjørte i grøfta i den krappe svingen ved Lona rundt klokka 12.30 i dag, laurdag. Personane, som skal vera svartkledde, stakk av til fots. Ranarane er framleis ikkje funne, og politiet leitar i terrenget med store styrkar væpna personell, hundar og helikopter.

Politiet etterlyser nå også ein raudburgunder Audi Avant 1998-modell med kjennemerket SD 11650. Bilen blei stolen frå ein parkeringsplass i Stavanger natt til laurdag, Det er framleis inga sikker kopling mellom denne bilen og ranet.

Bilen som hamna i grøfta ved Lona skal også nyleg ha blitt stole frå Stavanger.

Politiet etterlyser også ein tredje bil i samband med ranet: Ein polskregistrert Toyota Celica med kjenneteikn ELC74WT.

– Bilen er knytta til tjuveriet av fluktbilen som blei stole i Stavanger, opplyser Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.