Legar vil ha større legevakt-distrikt

Meiner samarbeid fire kommunar imellom ikkje er nok til å gi ei framtidsretta legevaktordning.

– Kvaliteten på legevakta må og skal verta betre. Ingen av dagens legevaktordningar i Sauda, Suldal, Etne og Vindafjord kommunar er robuste nok til å tilfredsstilla korkje dagens eller framtidas kvalitetskrav til legevakt, seier Knut A. Omdal.

Omdal er lege i Ølen, og uttalar seg i eigenskap av møteleiar då fastlegane i dei fire omtala kommunane nyleg var samla til allmøte for å verta orientert om og diskutera arbeidet som pågår for å utgreia eit legevaktsamarbeid.

Møtedeltakarane trekte ein klar konklusjon: Heller ikkje eit legevaktsamarbeid desse fire kommunane imellom vil vera robust nok til å tilfredsstilla framtidas kvalitetskrav til legevakt.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.