– Det er alt utvilsamt rekord i konkurranseklassen. 130 er det høgaste talet me har hatt før, seier Per Inge Fjellheim, primus motor for motbakkeløpet Hovlandsnuten Opp som blir arrangert i morgon, laurdag.
I går, torsdag, klokka 13.30, var det påmeldt og registrert 178 konkurranseløparar på nettsidene til arrangøren. I tillegg har femten andre løparar spurt om og fått løyve til å springa på tid nokre timar før ”resarane” startar sitt løp. Fjellheim seier at han forstår at det for enkelte kan vera litt skummelt å starta samtidig som norgeseliten og andre supersprekingar.
– Derfor sa me ja til denne førespurnaden. Me er open for å laga til to konkurranseklassar neste år, seier Fjellheim.
Påmeldingsfristen går ut i dag, fredag.
Fleire norske langrennsløparar og skiskyttarar vil delta. Og Robert Tirpo, kenyanaren som var forventa å vinna i fjor, men måtte bryta, prøver seg igjen i motbakkane opp til Hovlandsnuten. Elles håpar Fjellheim at trimmarane stiller i hopetal også i år.
– Trimmarane er dei viktigaste. Det er deira meistring som driv meg i dette arbeidet. Og så er eg sjølvsagt spent på kor mange ungar som kjem, seier Per Inge Fjellheim.