Arbeidet med å montera opp den svære krana i Almannajuvet stoppa i fleire timar i dag trafikken på fylkesveg 520 forbi staden no i ettermiddag, fredag. Kranbilen som løftar delane til krana får ikkje trekt inn støttelabbane, og vert dermed ståande i vegbanen.
Klokka 13.30 rapporterte dei som hadde stått lengst at dei hadde venta i to timar. På saudasida valde mange å snu og køyra ned att. På hellandsbygdsida er det lang kø.
Vegen forbi Almannajuvet er nå opna, men kan bli stengt i opptil 30 minutt fram til klokka 17.