– Alle klokkene, i underkant av hundre i talet, blei funne i fluktbilen, opplyser Lars Ivar Grunnaleite, politioverbetjent ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.
Politiet og urmakar Knut J. Lervik har nå fått kontroll på kva dei tre væpna serbarane stal med seg då dei rana urmakarbutikken i Haraldsgata i Haugesund laurdag 8. juni. Ranarane, som stakk av i ein fluktbil, måtte ta beina fatt då dei med politiet i hælane kjørte i grøfta i ein krapp sving i Lona i Sauda. Ransutbyttet som blei forlatt i bilen har ein utsalsverdi på rundt 2,5 millionar kroner.
Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.