DRAUMEN: Badeanlegget som er på teikneblokka er kostnadsrekna til 17 millionar kroner. (Illustrasjon: PP Arkitekter)
DRAUMEN: Badeanlegget som er på teikneblokka er kostnadsrekna til 17 millionar kroner. (Illustrasjon: PP Arkitekter)

Søker fylkeskommunen om bassengmillionar

Og førebur utlysing av anbod.

– Vi er veldig nær ei realisering av eit nytt utebadeanlegg nå. Vi kan ikkje sleppe opp nå, seier innleigd prosjektleiar for Sauda Vekst, Harald Halvorsen Løland.

Etter at donasjonane frå det lokale næringslivet kom på rekke og rad er det nå snart tre månader sidan førre bidrag til eit nytt utebasseng. Det manglar nå omlag 3,5 millionar før prosjektet er fullfinansiert. Då Sparebankstiftelsen Sauda gav ein million kroner i april uttalte dagleg leiar i Sauda Vekst, Inge Løyning, at fleire søknader om støtte låg inne hos bankar og fond. Desse har ikkje blitt innvilga.

Tidlegare har også Innovasjon Norge avslått førespurnad om økonomisk bistand.

Nå er det derfor knytt ekstra spenning til søknaden om inntil 2,5 millionar kroner hos Rogaland fylkeskommune. Førespurnaden er sendt til både kultur- og næringsseksjonen.

Men, bassengkameratane kviler ikkje medan dei ventar på at finansieringa skal gå i boks. Sauda kommune, som står som eigar av prosjektet, har med det ansvar for anbodsprosessen, medan Sauda Vekst skal vere ein slags katalysator i dette arbeidet.

– Vi reknar med at prosjektet skal ut på anbod i løpet av hausten, fortel Harald Halvorsen Løland.

Om fylkeskommunen seier nei til å støtte eit nytt utebasseng, må ein jobbe vidare for å finne midlar til anlegget. Alternativt må ein finne ein måte å redusere kostandane på.

– Skal det byggast før ein har 17 millionar kroner har vi to alternativ. Anten må Sauda kommune skaffe meir pengar eller så må anlegget byggast mindre enn først tiltenkt, understrekar Inge Løyning.