Riving1

Pangstart på rivinga

Det gamle ungdomsskulebygget er snart historie.

Rivinga av det gamle bygget ved Sauda ungdomsskule starta med eit brak rundt klokka kvart på elleve i dag, måndag føremiddag, og i skrivande stund er rivinga godt i gang.

– Rune Selvik har sprengt i kjellaren for å riste bygget før sjølve rivinga, forklarer Gjermund Fiveland frå Brødrene Selvik AS.

To store gravemaskinar gneg laus på veggar og tak som svoltne dinosaurar, medan det regnar takstein og betongbitar.

– Me er optimistiske og reknar med å ha fått ned det meste av bygget i løpet av to-tre dagar, seier Fiveland, og legg til at opprydding og sortering av avfall kjem til å vere det mest tidkrevjande i prosessen.

Sjå filmsnutt frå rivinga:

Riving av ungdomsskulen


Fiveland vedgår at det er eit spesielt oppdrag på fleire måtar.

– Det er jo eit bygg som ligg i sentrum, så det må takast omsyn til omgjevnadane, og det er tunge delar me arbeider med, påpeikar han, og understrekar at dei er merksame på alt som kan gå galt.
Det tyngste er likevel affeksjonsverdien til bygget.

– Å rive ned eit historisk bygg er litt rart. Det er nokre kjensler i dette, sjølv om det er ei fornuftig avgjerd. Me har sett fleire kome bortom for å ta ein siste titt på den gamle ungdomsskulen før han forsvinn, seier Gjermund Fiveland, som sjølv var elev i det gule skulebygget som akkurat no er på veg til å verte redusert til bilete i historiebøker.

Les meir i papirutgåva eller kjøp e-avisa.

Sjå bilete her:
Lysbileteshow

Faktaboks

Riving av ungdomsskulebygget