Ambulanseelevar. Tobias Bø, Espen M. Iversen og Matias Haraldsen

Jobba hardt, kom gjennom

Tobias Bø, Espen H. Iversen og Matias Haraldsen kjempa seg inn på ambulanselinja.

– For min del kunne eg ha byrja i morgon og gitt blaffen i heile sommarferien, konstaterer Matias Haraldsen.
Espen H. Iversen og Tobias Bø nikkar, hjartans einige. For dei tre gutane er sommaren 2013 berre ei ventetid.

Nålauga for å koma inn på ambulanselinja er trongt, med eit krav på minst 4,4 i snittkarakter.
Då dei såg målet deira – ein plass på ambulanselinja – nærma seg, og at faga på helse- og oppvekstlinja var relevante for å nå dette målet, la seg gutane seg verkeleg i selen med skulearbeidet.

– Eg droppa ein del fritid når det var innleveringar og slikt, seier Haraldsen.
Dei tre gutane gler seg til skulestart.
– Det er dette eg brenn for. No får eg læra meir om det eg verkeleg vil, forklarer Tobias Bø.

Les meir i papiravisa eller kjøp e-avisa