– Nå har me lest om hybelmangelen i avisa kvar haust, og ser at behovet er stort. Me liker at det skjer noko i bygda, og synest det er kjekt viss me kan bidra med noko samfunnsnyttig, seier Geir Baardsen i selskapet May Stangeland Baardsen as.
Måndag denne veka starta Sauda kommune og selskapet Omega arbeidet med reguleringsplanen for området i Åbøbyen, der både det planlagte hybelhuset, ein ny barnehage og private bustader er tenkt bygt. Går alt slik fungerande rådmann Andreas Fløgstad vil, kan reguleringsplanen vera klar for godkjenning i kommunestyret i januar 2014.
– Me gjer alt me kan for å ha ei optimal framdrift. Men det skal lite til før tidsskjemaet sprekk, vedgår han.
Blir det fatta ei avgjerd i januar, kan bygginga av hybelhuset starta opp alt i vinter. Målet er å ha første byggetrinn, 30 hyblar, klart til skulestart hausten 2014.
Rektor Nils Petter Sand er ikkje i tvil om at ei utvikling av skuletilbodet og sikring av bustad til elevane er viktig for framtida til Sauda vidaregåande skule.
– Skulen har i dag 430 elevar. 250 av desse er heimehøyrande i Sauda eller Suldal. Utan hybelelevar hadde me truleg vore 50 tilsette mot 110 i dag. Import av elevar er viktig for å oppretthalda breidde i skulen vår og for å oppretthalda arbeidsplassar, seier Sand.
Les meir i papirutgåva eller last ned e-avisa.