*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
NY OG STØRRE: 641 m3 betong og 100 tonn armeringsjern er brukt til bygginga av nye Nordelv bru. Brua blir opna for trafikk den andre veka i juli. (Foto: Ingvil Bakka)

Nordelv bru på vent

For dyre tilbod har utsett arbeidet.

– Anbodsrunden for ny Nordelv bru er avlyst. Dei tilboda me har fått ligg for høgt i forhold til dei midla me har, opplyser Ann Mari Sandvin Hardeland frå vegseksjon Haugesund, Statens vegvesen.

Ho forsikrer likevel at dei ikkje har lagt prosjektet på is.
– Det me tenker å gjere no er å lyse det ut på nytt i haust og gi det litt lengre tid. Intensjonen er at brua skal vere klar til neste sommar, forklarer Hardeland.
Ho trur ikkje at ventinga vil få prisen på den nye brua til å stige.
– Me har diskutert dette, og meiner at om anbodsrunden går over lengre tid vil me få lågare tilbod, seier Hardeland, og understrekar at det ikkje er farleg å utsette brubygginga.
– Det er ikkje nokon fare i å vente med å starte arbeidet. Brua held, påpeikar ho.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.