Foreldra var svært bekymra etter at dei hadde tatt borna sine i hasjrøyking i sommar. Til saman ti ungdommar mellom 15 og 20 år, alle i same omgangskrins, blei tatt inn til avhøyr. Urinprøvar tatt av dei unge stadfesta foreldra sin mistanke. Kalvik fortel at politiet har oppretta saker på dei ti ungdommane, alle gutar, men at dei i samråd med jurist nå har inngått ein urinprøvekontrakt med alle dei involverte.
– Dei må møta til avtalt tid, og levera reine urinprøvar i lang tid framover, kanskje fleire månader, kanskje år. Då unngår dei påtale. Målet vårt er å forebygga, ikkje straffa, forklarer Kalvik.
Gutane skal ha kjøpt hasjen i Sauda, ”av folk dei kjenner”, hovudsakleg av jamnaldrande. Stoffet skal blant anna ha kome frå Stavanger. Politiet har ikkje gjort beslag i saka, ettersom foreldra skal ha destruert stoffet då dei tok borna sine på fersk gjerning.
– Salet skjer gjerne i fleire ledd. Me vil sjølvsagt også prøva å ta dei som sel, forsikrar Kalvik.
Les meir i papiravisa eller last ned e-avis her.