*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
BER OM INFO: Laila Stødle og Knut Atle Seim frå Sauda Høgre meiner det er på tide med ein kvalitetssjekk av kommunens ruspolitiske handlingsplan, etter at det nyleg er blitt avdekka eit utstrekt hasjmisbruk blant unge saudaungdommar.

Ber rådmannen om rus-informasjon

Laila Stødle og Knut Atle Seim frå Sauda Høgre er bekymra over aukande ungdomsrus.

– Det er klart; det er urovekkande når slike saker blir avdekka. Likevel bør det ikkje vera så overraskande. Det vitnar både tidlegare erfaringar og historia vår om, seier Høgres Knut Atle Seim, og viser til saka der ti saudaungdommar nyleg blei avslørt av foreldra sine etter hasjrøyking i sommar.

Sauda Høgre er skremt av avsløringane og er bekymra for russituasjonen i ungdomsmiljøa i Sauda. I eit brev til rådmannen ber dei nå om ein kvalitetssjekk av Sauda kommune sin ruspolitiske handlingsplan, ein plan som i vinter blei vedtatt etter ei opppgradering.

– Det er rett nok ikkje lenge sidan den blei vedtatt, men temaet er ytterlegare aktualisert nå. Me ser at dette er noko som er veldig vikig å halda fokus på, og me meiner derfor det er betimeleg å spørra kor langt dette arbeidet er kome, seier Seim.

Rådmann Wictor Juul vil svara på spørsmåla frå Høgre i formannskapsmøtet i morgon, onsdag.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.