I dag, tysdag, var det elevane ved Sauda vidaregåande skule sin tur til å seia si politiske meining. Etter ein paneldebatt, mingling og drøs rundt stands inne på skulen gjekk elevane til valurnene.
Heile 121 elevar stemte på partiet Høgre, som med dette fekk 35,7 prosent av stemmene.
Høgres Ivar Tangeraas er strålande fornøgd.
– Så vidt eg kan hugsa har det aldri skjedd at Høgre har vore SÅ suverene i Sauda. Eg håpar og trur at dette skulevalet i Sauda fortel mykje om stemninga i Sauda og elles i landet, seier han.
Dei resterande stemmene fordeler seg slik:
Framstegspartiet: 61 stemmer – 18 prosent
Arbeidarpartiet: 59 stemmer – 17,4 prosent
Venstre: 34 stemmer – 10 prosent
Senterpartiet: 27 stemmer – 8 prosent
Sosialistisk Venstreparti: 14 stemmer – 4,1 prosent
Piratpartiet: 6 stemmer – 1,8 prosent
Rødt: 5 stemmer – 1,5 prosent
Miljøpartiet De Grønne: 4 stemmer – 1,2 prosent
Kristeleg Folkeparti: 3 stemmer – 0,9 prosent
Kystpartiet: 2 stemmer – 0,6 prosent
Pensjonistpartiet: 1 stemme – 0,6 prosent