– Alle kan delta: Vennegjengar, firma, politiske parti, familiar, par eller einslege. Me oppfordrar folk til å utfordra kvarandre, seier Bente Rasmussen i avisa Ryfylke, som står bak bilrebusen fredag ettermiddag.
Ideen om å arrangera bilrebus fredagen før sjølve Jøye meg-dagen, fekk nåverande redaktør og dagleg leiar i avisa, Linda Merethe Lie i 2010, etter å ha vore med på å arrangera bilrebusløp i Haugesund for nokre år tilbake. I år er det tredje gong Ryfylke arrangerer bilrebus, også i år i samarbeid med NAF. Det er Lie som har laga rebusen, og det er lagt opp til fleire postar rundt om kring i bygda. Ved kvar post vil deltakarane få eit spørsmål, og ein bokstav som skal bidra til å finna fram til det endelege målområdet.
– Me legg opp til at vinnaren blir den som kjører nærast idealtida me har sett opp, og som får flest rette svar. Med dette håpar me å unngå råkjøring, seier Anne Lise Berge Hansen, grafikar hos Ryfylke.
Også i år er det sett opp flotte premiar i bilrebuskonkurransen. Vinnarbilen blir først offentleggjort laurdag under Jøye meg-arrangementa på Rådhusplassen. Forutan vinnaren vil dei andre deltakarane ha mulighet for å bli trekt ut som vinnarar av andre premiar.
Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.