Laurdag ettermiddag arrangerte Idrettslaget Ny Von det årlege mosjonsløpet Saudasjøen Rundt.
Aller raskast rundt var Tom Ole Dalsrud. 38-åringen frå Hauge i Dalane sprang på tida 19.03 og vann klart årets løp. Likevel, det er langt igjen til løyperekorden i herreklassen, som Karl Johan Rasmussen sette i 2006 då han sprang på 16.32.
Kjersti Fresvik frå Røldal vann kvinneklassen. 21-åringen kom i mål på tida 20.33 – tre sekund raskare enn løyperekorden til Jorunn Øye. Fjorårets damevinnar, nå fjorten år gamle Frida Listøl, kom på andreplass, medan Tove Karbøl fekk tredjeplassen.
Totalt hundre deltakarar var med på Saudasjøen Rundt i år.