– Me manglar gründeranda. Ein leiartype som kan ta dei rette strategivala, utvikla bedrifta og gi oss fleire bein å stå på, seier Rune Selvik, dagleg leiar ved entreprenørbedrifta Brødr. Selvik as.
Rune Selvik har leia bedrifta etter at han tok over sjefsjobben etter Ola Hårajuvet i 2001.
Etter tolv år i leiarrolla meiner Selvik at bedrifta har godt av eit byte. Målet er også at leiarstillinga ved Brødr. Selvik as nå får ein ny definisjon slik at jobben blir ei rein administrativ stilling.
Sjølv har Rune Selvik måtta kombinera dagleg leiarrolla med prosjektarbeid og arbeid ”ute i felten”. Han reknar med at 80 prosent av jobben hans i dag består av prosjektrelatert arbeid, og at det dermed er lite tid igjen til kreativ og framtidsretta tenking og utvikling av bedrifta.
Brødr. Selvik as er ei samansett bedrift med fleire ulike avdelingar. I tillegg til bygg- og anleggsdrifta, som er hovudgesjefta deira, har dei eit grustak og eit betongblandeverk.
Nå ønsker dei ein leiar som kan bidra til å utvikla alle avdelingane.
– Me må bli flinkare til å marknadsføra produksjonen vår, også utanfor Sauda. I dag er det slik at me meir eller mindre sit og ventar på at oppdraga skal komma til oss, vedgår Selvik.