– Det har lenge vore ein lekkasje i ledninga i området, og me frykta eit nytt brot. I natt gjekk alarmen, fortel kommunalsjef teknisk, Anders Skaarer.
Mannskap frå Sauda kommune og Aartun Transport har jobba på spreng med å få tetta lekkasjen i løpet av natta og i morgontimane i dag, torsdag.
Det er sett opp ein vasspost på Risvoll skule, der vasslause ytrabygdingar kan henta vatn.
Det er nå skjøyta på eit nytt røyrstykke, og det blir jobba med å få vassystemet i gang igjen.