Nei til gangfelt

Statens vegvesen seier nei til å legga eit gangfelt ved Hedlot i Saudasjøen, slik ein bebuar i området ønsker. I svarbrevet skriv Statens vegvesen at trafikksituasjonen i området ikkje er av ein slik art at det krev gangfelt over riksvegen. Vegvesenet har overvaka området fleire timar på døgeret for å komma fram til avgjerda. I brevet fortel dei at dei aller fleste trafikantane held fartsgrensa på 50 kilometer i timen, at dei få personane som kryssar vegen har få problem ettersom det er lite trafikk, at det kun er registrert fem ulukker der dei siste seks åra og at ingen av desse skjedde i skuletida. Då Statens vegvesen kontrollerte trafikken 22. august i år var det kun to kjøretøy som heldt ein fart på meir enn 10 kilometer i timen over fartsgrensa.