*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
FRYKTAR KONSEKVENSAR: Saudalensmann Randi Kalvik har ikkje lyst til å gi frå seg sivile arbeidsoppgåver til kommunen, med ordførar Frode Sulen i spissen. Ho fryktar at bortfall av sivile oppgåver betyr tap av sivile arbeidsplassar og eit mindre tilgjengeleg lokalpoliti. (Arkivfoto: Ingvil Bakka)

Politiet kan mista sivilt arbeid

Men lensmann i Sauda, Randi Kalvik, meiner dei sivile arbeidsoppgåvene er livsnødvendige for å drifta lokalkontora.

– Eit bortfall av sivile saker vil ikkje frigjera noko politikapasistet hos oss, seier lensmann i Sauda og Suldal lensmannsdistrikt, Randi Kalvik.

Eit regjeringsoppnemnd utval har lenge jobba med å analysera utfordringane i norsk politi, og har som mål å utarbeida ein langsiktig plan for vidareutvikling av politiet.

Analysen blei levert til justis- og beredskapsminister Grete Faremo 19. juni i år, og dokumentet er nå ute på høyring. Utvalet føreslår to reformar; ei strukturreform og ei kvalitetsreform, der ei omorganisering frå 27 til seks politidistrikt og ei overføring av sivile oppgåver er hovudpunkta.

I morgon, onsdag, skal saka diskuterast i Sauda kommunestyre, og politikarane skal vedta kommunen sin høyringsuttale i saka. I administrasjonen sitt forslag til vedtak rår rådmann Wictor Juul politikarane til å vera positive til omorganiseringa.

– Dersom dei sivile oppgåvene forsvinn, vil me truleg også mista dei sivilt tilsette som me er avhengige av for å halda dørene opne og sentralbordet ope for publikum. Eg fryktar at eit bortfall av sivile gjeremål vil gjera det lokale politiet meir utilgjengeleg, truleg med reduserte opningstider, seier lensmann Randi Kalvik.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.