Asfalt kjem

Tidlegare i vår blei det lagt ny asfalt på fylkesveg 520, ein strekning frå Byggeriet og utover. I tillegg blei det laga fin gangsti på same strekning, men asfalteringa her er noko mangelfull. Kommunalsjef teknisk, Anders Skaarer, opplyser at asfaltering er bestilt.

– Me reknar med at Statens Vegvesen kjem i løpet av dei nærmaste vekene, då dei har fleire prosjekt som ikkje er ferdigstilt. Då vil også fortauet bli ordna, forsikrar Skaarer.