*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
JA TIL FELLES LEGEVAKT: Rådmann Wictor Juul rådar politikarane i Sauda kommune til å seie ja til eit interkommunalt helsesamarbeid med oppstart frå hausten 2015. (Arkivfoto: Ingvil Bakka))

Legesenter-rapporten er klar

Leiinga i Sauda kommune kjem dårleg ut i ein revisjon av arbeidsforholda ved Sauda legesenter. Rådmann Wictor Juul tar kritikken alvorleg.

– Ingen skryterapport. Ein alvorleg peikepinn på dei utfordringane me står overfor. Me tar kritikken alvorleg, seier rådmann Wictor Juul.

Kontrollutvalet i Sauda kommune bad i april i år revisjonsfirmaet KPMG om å gjennomføra ei kartlegging av drifta og arbeidsforholda ved Sauda legesenter. Sauda legesenter hadde då lenge slitt med store utfordringar med å få på plass ei stabil legedekkking i kommunen. Bare i løpet av nokre få månader sa fem legar opp stillingane sine og legekontoret var prega av stor gjennomtrekk av utanlandske vikarlegar.

I løpet av sommaren og tidleghausten gjekk revisjonsfirmaet nøye gjennom drift og arbeidsforhold ved legesenteret gjennom analysering av dokumentasjon og intervju med kommuneleiarar og tilsette ved legesenteret.

Rapporten, som nyleg blei ferdig, avdekkar fleire kritikkverdige forhold knytt til drifta av Sauda legesenter. Revisjonsfirmaet meiner at Sauda kommune og legesenteret er for dårlege på kompetanseutvikling, og at dette arbeidet i stor grad har vore prega av fokus på kortsiktige utfordringar knytt til rekruttering, framfor kompetanseheving blant dei som alt jobbar ved legesenteret. Mangelfull kompetansestyring blir sett på som ei medverkande årsak til den langvarige og utfordrande bemanningssituasjonen ved legesenteret.

Sauda kommune får også kritikk for korleis dei har takla dei organisatoriske endringane ved legesenteret og for å vera altfor dårlege på rolle- og ansvarsfordelingar, som ikkje har vore tydeleg nok avklart, formalisert og kommunisert overfor dei involverte ved legesenteret. Kommunen skal heller ikkje ha hatt ein definert plan for helse-, miljø- og tryggleiksarbeidet, og det har vore klare avvik mellom krava i lovverket og det som har vore praksis ved legesenteret.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her