TRUGA MED RETTSSAK: Vikarbyrået Nordvik meiner at Sauda kommune skuldar dei nær 90 000 kroner i samband med at eit dansk legeektepar hadde eit sju månader langt arbeidsoppdrag i Sauda tidlegare i år. ( Foto:Linda M. Lie)
TRUGA MED RETTSSAK: Vikarbyrået Nordvik meiner at Sauda kommune skuldar dei nær 90 000 kroner i samband med at eit dansk legeektepar hadde eit sju månader langt arbeidsoppdrag i Sauda tidlegare i år. ( Foto:Linda M. Lie)

Strid om formidlingshonorar

Dansk vikarbyrå krev pengar for legar som på eige initiativ tok kontakt med Sauda kommune.

– Eg kan ikkje sjå at me har gjort noko gale, men me vil forsøka å finna ei løysing saman med Nordvik, seier Berit Haustavik, einingsleiar ved Helsesenteret i Sauda kommune.

Sauda kommune har i 2012 og i 2013 nytta seg av det danske vikarbyrået Nordvik, som formidlar kontakt mellom danske legar og norske kommunar. Kommunen hadde i fjor haust eit prekært behov for vikarlegar, ein situasjon som blei ekstra alvorleg då dei to danske vikarlegane Lars Steen Jensen og Henrik Jensen sa opp og slutta i stillingane sine like før jul, etter bare tre månader i arbeid ved Sauda legesenter.

– Men så blei me plutseleg kontakta av eit dansk legeektepar, Bjørn og Rebekka Riddervold, som ønska langtidskontrakt med oss. Me blei jo kjempeglade, og inngjekk direkte kontrakt med dei, uvhengig av vikarbyrået, forklarer Haustavik.

Til Haugesunds avis seier Mikael Palm, leiar i Nordvik, at han kan dokumentera at det danske legeekteparet skreiv under kontrakt med dei og at legane deretter gjekk bak ryggen deira og inngjekk avtale med Sauda kommune.

Palm og Nordvik har, heilt sidan legeekteparet starta i jobb i Sauda, sendt rekning til Sauda kommune for formidling av ekteparet Riddervold. Formidlingshonoraret ligg på 1 500 kroner per veke, per lege, og beløpet er nå kome opp i 86 500 kroner.

Haustavik og Sauda kommune har heile tida nekta å betala rekninga.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her