*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
TRENG KRAFT: Smelteverket i Sauda er storforbrukar av kraft. CO2-kompensasjonsordninga, som Stoltenberg-regjeringa innførte tidlegare i år, ville subsidiert fleire millionar kroner i årlege kraftkostnader for Eramet. I forslag til revidert budsjett er det føreslått kraftige kutt i nyordninga.

Regjeringa vil kutta i CO2-kompensasjonen

Eramet og industrien raser.

– Styresmaktene sparkar bein under norsk industri. Det er heilt uforståeleg at dette kjem frå ei borgarleg regjering. Eg håpar inderleg at det bare er eit ”arbeidsuhell”, og at me kan få politikarane til å snu, seier Bernt Jarle Dolmen, informasjonsdirektør ved Eramet.

Den raudgrøne regjeringa gjekk under budsjettbehandlinga i fjor haust inn for å innføra kompensasjonsordninga, i påvente av eit verdsomspennande CO2-regime, som ein gong i framtida forhåpentligvis skal sikra ein felles global pris på CO2.

Den norske forskrifta om CO2-kompensasjon for industrien tredde i kraft 26. oktober i år, med tilbakeverkande kraft til 1. juli i år. Kompensasjonordninga låg då an til å kosta staten rundt 500 millionar kroner i året.

To veker seinare kom kalddusjen frå den nye finansministeren, Siv Jensen frå Framstegspartiet. I forslag til revidert statsbudsjett lanserer ho nå eit nytt, norsk prinsipp der industrien ikkje får refusjon for dei første 30 kronene av kraftprisen. For Eramet Sauda sin del vil dette utgjera eit tap på fleire titals millionar kroner i året.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.