– Eg blei fortalt at eg trengte ikkje byr meg, at administrasjonen hadde god kontroll på saka og eg blei lova god oppfølging i saka, seier høgrepolitikar Laila Stødle, som i fjor haust saman med resten av formannskapet mottok eit lengre brev frå Jorunn Engebretsen.
Fredag stod nå langtidssjukemeldte Jorunn Engebretsen fram i Ryfylke og fortalde si historie. I saka får kommune- og helseleiinga kritikk for si handtering av personalsaka.
– Eg synest synd i Engebretsen og eg synest dette er flaut for Sauda kommune. Nå må denne saka på bordet. Me må snakka saman og me må begynna å snakka personalpolitikk, seier Stødle.
Høgrepolitikaren har nå bedt om at dette blir tatt opp i møtet i administrasjonsutvalet i morgon, onsdag. I eit brev til ordførar Frode Sulen spør Stødle om korleis det eigentleg er med Sauda kommune si handtering av arbeidsgivarrolla i praksis. I brevet listar Stødle opp fleire moment som bakgrunn for spørsmålet sitt. Ho nemner tidlegare interne samarbeidsproblem på legesenteret, der revisjonen viste manglande leiing, organisering, system og medverknad, og ho minnar om oppseiingar i barnevernet og lite bemanning på helsestasjonen.
Ho minnar om at politikarane til sjuande og sist har det overordna personalansvaret i kommunen og seier at ho forventar respekt for dette ansvaret.
Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.