– Kommuneleiinga er plikta til å informera oss politikarar. Dette har dei svikta i Jorunn Engebretsen-saka. Eg fremmar derfor mistillit mot ordførar og rådmann, seier høgrepolitikar Laila Stødle.
Møtet i administrasjonsutvalet onsdag føremiddag tok ei heftig vending då debatten kom inn på temaet personalpolitikk. Bakgrunnen for diskusjonen var den siste vekas avisoppslag i Ryfylke der Jorunn Engebretsen har stått fram og fortalt om mobbing på arbeidsplassen sin i heimetenesta i Sauda kommune.
Mistillitsforslaget mot ordførar og rådmann skal opp til behandling i kommunestyret i desember.
Les meir i papirutgåva fredag.