– Det blei rett og slett for komplisert å gjennomføra medisinske og juridisk korrekte prøvar der og då. Det har ført til at me nå i ettertid har måtta setta i gang eit tett oppfølgingssystem av legen. Ei kinkig og lei sak, ikkje minst for legen, seier rådmann i Sauda kommune, Wictor Juul.
Det var rundt midnatt natt til sundag at AMK-sentralen i Haugesund blei kontakta av helsepersonell i Sauda, som mistenkte at legen som var på vakt denne natta var rusa. Fleire personar hadde reagert på at legen hadde ein uvanleg oppførsel og nokon meinte også at det lukta alkohol av vedkommande. Rådmannen blei også informert og han var i kontakt med både personar som var i situasjonen på sjukehuset og legen sjølv.
– Legen nekta for å ha inntatt rusmidlar, men var klar på at med slike mistankar på seg var det best å gå av vakta, fortel Juul, som ikkje reagerte på legen i telefonsamtalen.
Legen bad om å bli testa for å reinvaska seg for rusmistankane, men dette lot seg altså ikkje gjera. Ifølge rådmannen krev slik rustesting av lege både eige prøveutstyr og vitne til stades, dette for sikra saka juridisk med tanke på ei eventuell politisak eller avskjed.
Ein ny lege blei tilkalla og overtok vakta.
Først måndag morgon blei det tatt ein prøve av legen. Denne viste ingen teikn på rus.
I samråd med fylkeslegen er det nå sett i gang eit tett kontrollregime av legen og vedkommande sitt arbeid ved Sauda legesenter. Legen er ikkje tatt ut av jobb eller vaktrullering, men blir jevnlig rustesta.
– Legen er samarbeidsvillig og har frivillig gått med på eit oppfølgingssystem som sikrar krava i forskrift til helselova om pliktmessig avhold, fortel Juul.
Kor lenge legen må avlegga prøvar er noko uvisst, men truleg vil dette pågå over fleire månader, då med variert grad av hyppighet. Den hyppige rustestinga gjer at legen må vera forsiktig med alkohol, også på fritida si.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her