*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
MINDRE SALT: Etter at Sauda formannskap i mars 2012 bad Statens vegvesen om å redusera saltinga gjennom Sauda har saltbruken langs saudavegane gått kraftig ned. Men vegvesenet kan ikkje slutta med å salta mellom Svandasvegen og Svandalsfossen. (Arkivfoto, frå Brugata: Ingvil Bakka)

Har redusert saltinga

Men ifølge vegvesenet er det vanskeleg å unngå å salting mellom Svandalsvegen og Svandalsfossen.

Vinteren 2011 vedtok Sauda formannskap å senda ei oppmoding til Statens vegvesen om å slutta å salta fylkesvegen i Sauda frå Svandalsfossen til Birkeland. Unntaket var Svandalsvegen, som politikarane meinre framleis kunne saltast ved behov. Oppmodinga frå dei lokale politikarane kom på bakgrunn av stor misnøye med saltinga gjennom bygda. Grapse føre, rust på bilar og forureining av vatn langs vegen var argumenta saudabuen og politikarane hadde mot saltinga.

Ifølge Anja Kristin Bakken, som jobbar med kommunikasjon i Statens vegvesen, har i vegvesenet lytta til signala frå Sauda.

– Vegvesenet har etter beste evne prøvd å tilpassa seg ønskene frå kommunen. Like fullt opplever me at bebuarar i Sauda ikkje er fornøgde, skriv Bakken i ein epost til Ryfylke.

For, salting langs strekket mellom Svandalsvegen og Svandalsfossen blei i fjor salta, og vil også i år bli salta når snøen og kulda set inn. Bakken fortel at vinterdrifta i distriktet er delt langs ulike strekningar/roder, og ein av desse strekningane er langs fylkesveg 520 frå Svandalsvegen til Ropeid.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.