TIDA INNE FOR BIOBRENSEL: Gruppeleiar i Sauda Høgre, Ivar Tangeraas, har foreslått kommunen å legge biobrenselsanlegg ut på anbod. – Det står i klima- og energiplanen for 2020, og det er på tide å gjere noko, meiner han. (Arkivfoto: Ingvil Bakka)
TIDA INNE FOR BIOBRENSEL: Gruppeleiar i Sauda Høgre, Ivar Tangeraas, har foreslått kommunen å legge biobrenselsanlegg ut på anbod. – Det står i klima- og energiplanen for 2020, og det er på tide å gjere noko, meiner han. (Arkivfoto: Ingvil Bakka)

Foreslår biobrenselsanlegg – igjen

Høgres Ivar Tangeraas meiner Sauda må henge med innan fornybar energi.

Under budsjettplanlegginga for neste år har Høgre foreslått at rådmannen skal legge oppdraget med å bygge eit biobrenselsanlegg ut på anbod. Motivasjonen bak dette ligg i kommunen sin eigen klima- og energiplan, der målet er å produsere 35 500 MWh bioenergi innan 2020.

Gruppeleiar i Høgre, Ivar Tangeraas, meiner det er på tide å starte arbeidet for å nå måla i planen.
– Det står i klima- og energiplanen at det skal vere klart innan 2020, så me må jo starte ein plass, for frista nærmar seg. Sauda er underutvikla på dette området samanlikna med mange av nabokommunane – Ølen har til dømes eit flisfyringsanlegg, seier Tangeraas.

Høgrepolitikaren har tidlegare vore ute med forslaget om å bygge biobrenselsanlegg. No tek han opp tråden og håper kommunen vil legge til rette for at ein slik energikjelde kan verte realisert.
– Kommunen må legge prosjektet ut på anbod og legg til rette for at firma kan bygge eit anlegg, slik at me kan få gang utviklinga. Dersom ingen vil ta jobben og kan bygge til ønska pris, skal eg ikkje seie meir, men me har ikkje lov å ikkje prøve, synest Tangeraas.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her