*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
FÅR POLITISK STØTTE: Politikarane i Sauda kommunestyre liker planane Dag Ole Stråbø (EV-Eiendom, frå venstre) Inge Løyning (Sauda Vekst), Knut Danielsen (EV-Eiendom) og Andreas Fløgstad (Sauda kommune) jobbar med for kaiområdet. (Arkivfoto: Ingvil Bakka)

Positive til kaiplanar

Eit einstemmig kommunestyre meiner utviklingskonseptet er bra for Sauda.

– Viktig at me er positive til slike framtidsplanar, der ein jobbar med heilskapen og som bidrar til ein ”drive” i det viktige næringsarbeidet, seier Arbeidarpartiets Wenche Hoftun, som fremma forslaget på vegner av eige parti under kommunestyremøtet 18. desember.

Alle politikarane var einige om at kommunestyret skulle komma med følgande uttale i samband med dei nyleg offentleggjorte planane for kaiområdet: ”Sauda kommunestyre ser positivt på utviklingskonseptet som er beskrevet og presentert i Ryfylke 06.12. 2013 av arbeidsgruppa beståande av EV-Eiendom, Sauda Vekst og Sauda kommune. Eit samarbeidsprosjekt mellom fleire aktørar som har til hensikt å stimulera byutvikling og næringsutvikling i vid forstand vil vera særdeles positivt for Sauda si vidare utvikling.”

Styreleiar i EV-Eiendom, Dag Ole Stråbø, er glad for at politikarane liker utviklingsplanane eigedomsfirmaet jobbar med.

– Me er glade for signala som viser at det er brei og sterk vilje til å gå vidare med planane. Det gjer det lettare for oss med tanke på den vidare utviklinga i arbeidet, seier Stråbø.

Første steg i det vidare planarbeidet er å gjera planane om frå ein mulighetsstudie til eit reelt prosjekt.

– Her er me avhengig av eit breidt samarbeid med dei private og offentlege interessene. Me må laga eit eige selskap og få på plass ei prosjektleiing, der me også ser føre oss å tilsetta ein prosjektleiar på heiltid. Elles må me sjå på ulike problemstillingar knytt til praktiske utfordringar som me alt nå kan gripa tak i, seier Stråbø.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her