19. desember var representantar frå Securitas as på kontrollrunde i Sauda. Kontrollørane sjekka då om skjenke- og røykelova blei fulgt på dei ulike serveringsstadane. Både Kløver Hotell, Puben, Mama Rosa og Sauda Fjordhotell fekk besøk av Securitas, og ingen av desse hadde avvik.