– Formen blir bare betre og betre, og det er deilig å kjenna at det begynner å fungera bra, både i sporet og på skytinga, seier Amund Hoff Thommasen.
Skiskyttaren frå Sauda gjekk inn til ein fjerdeplass på normaldistansen under norgescup-rennet som blei arrangert i Myrkdalen på Voss laurdag. Sundag hamna 24-åringen på ein 19. plass i sprintrennet.
Hoff Thomassen fortel om vanskelege vindforhold på standplass under norgescuprenna i helga. Under den 20 kilometer lange normaldistansen traff han på 16 av 20 skot, med ein bom på første liggande, fullt hus på første ståande, ein bom på andre liggande og to bom på andre ståande.
– Det blåste fælt og eg begynte å skjelva på siste skyting. Eg tapte mange sekund bare på å roa meg ned og venta, forklarer han.
Med fire bom fekk han fire tilleggsminutt, og enda altså på ein fjerdeplass, fem små sekund bak tredjeplassen. Saudabuen gjekk elles godt i sporet, og hadde bare rundt eitt minutt dårlegare langrennstid enn vinnaren av seniorklassen, Syver Nygård frå Byåsen IL.
Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.