– Me gleder oss. Veldig. Det blir kjekt å få vera med på å gjera ein innsats i lokalsamfunnet, seier 34 år gamle Lene Olsen.
Sauda kommune har nyleg gjort nye tilsettingar i brannvesenet. Blant dei fem nytilsette finn me altså to kvinner, Lene Olsen og Karina Fiveland, som dermed blir dei aller første kvinnelege brannkonstablane i Sauda brannvesen si historie.
– Dette er positivt. Det er ingen grunn til at ikkje dei kan gjera ein minst like god jobb som mannfolka, seier brannmeister Inge Seim.
– Per i dag føler eg meg ikkje klar til å rykka ut, nei, men eg er førebudd på at me får god opplæring i tida framover, seier Fiveland.
Olsen og Fiveland går førebels inn i reservemannskapet til det lokale brannvesenet. Først over sommaren kan dei gå inn i vaktordninga.
– Dei skal gjennom to år med opplæring, før dei må ta ei eittårig brannkonstabel-utdanning, forklarer Inge Seim.
I dag jobbar det 24 personar i Sauda brannvesen. Fem personar er til ei kvar tid på vakt, og kombinerer dette med sine varierte fulltidsjobbar. Dei som ikkje har vakt er pliktige til å gå rundt med personsøkar slik at dei kan bli nådd dersom det skjer større brannar, ulukker eller liknande som krev større ressursar tilgjengeleg.
Dei tre andre som nyleg er tilsett i Sauda brannvesen er Kjetil Rasmussen, Kai Ove Jacobsen og Adrian Huse.
Les meir i papirutgåva eller last end eavis her