Opnar til Breiborg

Fredag vart bommen i Hellandsbygd heva,

Fredag vart bommen i Hellandsbygd heva, og fylkesveg 520 opna for fri ferdsle til Breiborg. Opninga gjeld vel å merke berre på dagtid. Om natta er bommen nede.

Fylkesveg 520 mellom Hellandsbygd og  Røldal vart stengt 13. november i fjor, etter at det hadde falle store mengder snø. Etterpå har nedbøren stort sett kome i form av regn, med litt snø/sludd innimellom.