*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
SLUTTAR: Anders Skaarer har vore kommunalsjef teknisk i Sauda kommune i tre og eit halvt år. Stor arbeidsmengde og kjensla av å alltid ligga bakpå gjer at han har valt å seia opp. Førebels har han ingen ny jobb i vente. (Arkivfoto: Ingvil Bakka)

Kommunalsjefen har sagt opp

Anders Skaarer sluttar som følge av stor arbeidsbelastning i teknisk eining.

– Det har vore ein lang prosess. Nå har eg kome fram til at nok er nok. Arbeidsmengda er så stor at eg føler eg aldri kjem i mål. Eg sluttar i løpet av juni, seier kommunalsjef teknisk, Anders Skaarer.

Torsdag leverte han oppsigelsen sin. Etter tre og eit halvt år som kommunalsjef teknisk i Sauda kommune sluttar han – utan å ha ein ny jobb å gå til.Ifølge Skaarer skal det i fleire omgangar i denne treårsperioden, ha blitt gjort forsøk på å betra arbeidsforholda på teknisk, utan at dette har lukkast.

– Eg orka ikkje å gå gjennom ein slik prosess nå igjen, og vil heller prøva å finna meg eit anna arbeid, seier han.

Rådmann i Sauda kommune, Wictor Juul, seier at det ikkje er tvil om at teknisk eining har travle arbeidsdagar.

– Når Skaarer sluttar med det som grunngiving er det opplagt at me må sjå på organiseringa. Eg vil snakka med fagforbund og tillitsvalte og undersøka om me er organisert godt nok eller om me kan gjera endringar. Dette bør me gjera før stillinga blir lyst ut, seier Juul.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her