Tid for å stilla klokka

Ein time fram – mot lysare tider.

Eit sikkert vårteikn er at klokka skal stillast til sommartid, og det skal skje natt til sundag. Då stiller me klokka ein time fram. Det er ikkje alltid like lett å koma på om klokka skal stillast fram eller tilbake, men ein grei hugseregel i så måte er at natt til sundag tenker me framover til sommaren, og følgeleg skrur me klokka ein time fram. Då vil dagslyset la venta litt på seg om morgonen, men til gjengjeld vert kveldane lengre og lysare.

Ifølge Wikipedia vart Norge og alle landa i EU i 1996 einige om at sommartida startar den siste sundagen i mars og sluttar den siste sundagen i oktober.