– Me har gode muligheter for å realisera prosjekt i Sauda. Eg føreslår at neste dugnadsprosjekt er å bygga ein idrettshall over grusbanen. Eit prosjekt til rundt 15 millionar kroner, seier høgrepolitikar Ivar Tangeraas.
Til hausten er det 25 år sidan heilårsgrusbanen i Sauda blei offisielt opna under ei fotballturnering der eliteserielaga Rosenborg, Molde og Viking deltok. Grusbanen har sidan 1989 blitt varma opp av nedgrovne vassrøyr med spillvatn frå smelteverket. For fem år sidan stod nye Sauda stadion klar, med kunstgrasmatte for fotballspelarane og nytt og flott anlegg for friidrettsutøvarane.
Nå vil Ivar Tangeraas ta grusbanen ved stadionanlegget meir i bruk.
– Eg ser føre meg ein skikkeleg storhall, det treng me i Sauda. Ein stad der me kan ha ulike større arrangement, som for eksempel under Saudadagane. Ein stad der me ikkje treng å vera så avhengige av vêret kvar gong, forklarer han.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her