*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
OPNAR: I morgon, laurdag, opnar Apotek 1 sitt splitter nye saudaapotek, midt i sentrum. (Foto: Ingvil Bakka)

Må driva apoteket vidare

Legemiddelverket nektar Boots å legga ned saudaapoteket.

– Gode nyheter. Iallfall er me eitt skritt vidare, seier ordførar Frode Sulen.

Apotekkjeda Boots Norge AS søkte i mars om avkall på apotekkonsesjonen dei har i Sauda.

Boots grunngav søknaden med at dei ikkje har lukkast med å få tak i ein apotekar som kan driva forretninga i Sauda.

Nå har Statens legemiddelverk svara på søknaden. I svarbrevet avslår legemiddelverket søknaden og dei pålegger Boots å driva apoteket i Sauda – inntil vidare.

– Legemiddelverket kan ikkje sjå at saka omkring vidare drift av Sauda apotek er vesentleg annleis enn den var i 2012, heiter det blant anna i avslaget.

Ifølge ordførar Frode Sulen har Boots signalisert at dei vil anka avgjerda frå legemiddelverket.

Les meir i papirutgåva onsdag etter påske.